|
|
|
|
|
|
|
god helg for handballen |
det vart seier for fleire av laga 13. og 14 februar
|
Laurdag var det damelaget som slo serieledar Herd 26-24 i spjelkavikhallen søndag var det heimekamp mot det andre topplaget nemeleg Spjelkavik resultatet her vart heile 41-26 til Valder. Søndag spelte herrelaget mot Haram HK i Giskehallen her vart det ein klar seier til Valder 35-17. Gutter 14 spelte også begge dagane, laurdag var dei på tur i Fosnavågen for å spele mot Bergsøy resultat: 19 - 13 til Valder. Søndag var det heimekamp mot Haram HK og her vart resultatet 16 - 15 til Valder.
Gutar -12-1 hadde også kamp begge dagane, laurdag var det bortekamp mot Blindheim og gutane våre vant overbevisande 25 - 7. Søndag var det heimekamp mot Ørstaog igjen ein overbevisande seier 26 - 11 til Valder. Gutane ligg no på topp i serien 2 poeng forran Stranda som har ein kamp mindre spelt.
Jenter 16 spelte heimekamp mot Hødd på søndag og her vart det også seier Valder Vant 24 - 20 dette var Jentenes første seier denne sesongen og det smakte sikkeleg godt for både jentene, trenar og foreldre.
jenter 14 og jenter 12 -1 spelte også, hennholdsvis mot Langevåg og Aksla, her vart det dessverre to klare tap. Men alt i alt så vart dette ei storhelg for handballen i Valder.
Finn
|
|
<<< Tilbake
|
|
|
|