|
|
|
|
|
|
|
|
Vinterperioden 2010
Valder sin seniorgruppe har trent 3 gongar i veka sidan nyttår. På grunn av ein uvanleg kald og snørik vinter har vi satt delar av planane til side. Basisteknikk og kondisjon har blitt prioritert, så får ein heller kome tilbake til formasjonstrening og spel på store bane framover. (”11erbana” blei rydda for snø 15 februar) Vi har vore på sjuerbana, langs landevegen, i Giskehallen og på treningsenter. Vi er no glade for å kunne trene på stort områd, samtidig blir underlaget stabilt og vi slepp kanskje litt av slitasjeskadane vi har hatt den siste tida.
Treningsgruppa har variert frå 10 til 20 spelarar, snitt på 16 stk. Sidan i fjor har tre nye spelarar meldt seg inn: Martin Ekremsæter frå Åram/Åheim, Deo Choni frå Godøy og Joachim Flataker frå Blindheim/Tornado Måløy. Desse har kome godt inn i gruppa. Stian og Øystein har ikkje kome i gong med fellestreningane ennå, men Stian er snart på plass. Elles er samtlege stort sett friske. Framover vil vi prioritere kondisjon og lagdelsorganisering.
Valder – Aafk jr. 4 – 5
Årets første treningskamp endte med eit knepent tap mot eit godt trent Aafk – lag. Det var kjekt å endeleg få sjå ein del spelarar på stor bane i kampsituasjon. Mykje positivt å ta med seg vidare. Godt fornøgd med 1. omg der vi greier å ligge godt samla i lagdelane defensivt. Vi skaper også mange flotte sjansar. Vi orker å løpe det som kreves og vinn omgongen 2-0.'
2 omgong er meir variabel. Første 10 minutta heng vi ikkje med og Aafk snur kampen. I midtpartiet samlar vi oss igjen og viser tendensar til godt spel, men det blir litt for mange balltap og vi dett litt ut av formasjonane. Siste 10 – 20 minutta blir vi slitne og gjer ein del feilvurderingar kolektivt.
Gledar meg til vidare arbeid med gruppa. Ein god del bra å ta med seg vidare, men også noko å rette på!
Jan Ove Lange
|
|
<<< Tilbake
|
|
|
|