Sommerhelsing frå dagleg leiar. |
Nesten 1 år i Valder som dagleg leiar kan eg sjå tilbake på. Og no ligg ein aldri så liten ferie føre oss. På stadionen og i hallen er det i desse dager litt mindre aktivitet, men det er slettes ikkje alle som tek ferie. Vi har 2 fotball-lag som skal på Norway cup samt 1 handball-lag som skal til Gøteborg på Partillecup! Vi ønsker desse laga ekstra lykke til med siste finpuss og dagane som venter med nye opplevinger og nye minner å ta med viderer i livet! Husk å ha det kjekt oppi alvoret! |
1 år i klubben har gitt meg mykje , det har utfordra meg, det har vore mykje glede og det har vore mykje frustrasjoner. Alt ein ny jobb skal innehalde. Men ein ting er i alle fall sikkert , hjarte er blått og hjarte er i IL Valder. Eg vil med dette hylle alle i IL Valder, alle som har hatt eller har noko med Valder å gjere den dag i dag. Enten du er aktiv utøver, trener, lagleder, møte opp å heier på kamper og stevne, stend i kiosken, organiserer dugnader, reparerer øydelagde ting, organiserer treningstider, vasker og rydder, organiserer veker, helger, turneringer og andre arrangement. Alle som har vore i Valder og er i Valder i dag er med på å gjere Valder til det vi er idag. Denne filmen viser litt av det vi er! God sommer til alle «Valderfolk» , de er gull frå fortida, for notida og framtida. Vi er alle med å gjere Valderøya til ein betre plass å bu, gjennom samhald og glede! Snurr film og klapp deg sjølv på skuldra etterpå å sei : «Bra jobba, dette er eg med på å gje øya mi!» Tusen takk for jobben nettopp DU gjer! Og vi har plass til fleire i alle alderer! Ikkje minst, takk også til alle bedrifter som gjer arbeidet vårt på øya mogleg å gjennomføre med sponsorbidrag! Vi er prisgitt alle som ein! Tusen takk! Sportsleg helsing frå Jeanette Klikk deg inn på facebook via linken og snurr film! |
<<< Tilbake |